Sunday, June 26, 2005

Dumskap falleri fallera

Å, så dum eg er, tenkjer eg, på våt tyggisasfalt, på kyrkjegolv, i regnet som fer gjennom byen, du vassdrope som blandar deg med lydane frå fotballhyla, skipsmotorane, ungen som gjespar under kyrkjekonserten. Eg tør ikkje sjå på deg, berre kvile augo mot tomrommet etter at du har gått. Eg kunne fortelje deg sytten forteljingar, imitere ei ballerina i mitt turkise tyllskjørt, men gripe augneblinken, aldri!

3 comments:

a jour said...

I bunn og grunn består kanskje livet ptimært av øyeblikk? Selv om jeg har jobbet målbevisst mot et gitt mål over tid, er det likevel øyeblikkene jeg husker.

*** said...

å, så dum eg føler meg, blogge-grøn som eg er, som ikkje visste at sommar-regn-design på bloggen din ikkje er DITT, men er eit standard-oppsett! men det er vel MEST ditt av alt som kan kallast STANDARD?

Anonymous said...

meiner du å fornærme meg ved å seie at alt eg gjer er standard? Eller er eg for dum til å forstå setninga?