Friday, June 10, 2005

Du, drivhusblome

Kjære, vakre M.
Korleis var Normandie? Kjekt? Fann dykk eit auberge som lignapåskeslottet i spøkelsesstaden? Godt å vere heime i huset att?Eg har hatt ein god søndag. Vakna dog 14.20 som er i seinastelaget sjølv for ein søvndronning som meg. Til alt hell vart eg lokka ut av huset, og opp bratte fjell, gjekk mot Fløyen, og drakk rådyr kaffi og delte ei vestlandslefse med Hallgeir. Så rakk eg ein dusj før Aslak og eg såg filmen om Charles Bukowski, den var ganske god og inspirerande, alt som handlar om skriving er visst inspirerande for tida .Etterpå hanka eg inn Øystein, vi drakk kaffi og øl i akvariet, der eg var med deg. No ligg eg i senga og skriv mailen som vart påtenkt på veg heim. Så mange fine hus i denne byen, der ligg folk og søv, medan byen er heilt stille, og eg lurer på korleis dei ligg i sengane sine, rygg mot rygg, i ei kjærleg skei, eller blindt med atlatne auge mot eigne draumar.Ja, det lurer eg på.Glad i deg, og eg kjem til å sakne deg i raudt.

Klem s

No comments: