Monday, August 13, 2007

så vakkert kledd i grått

du kledde deg
så vakkert
i grått
og ikkje veit eg
kvifor sorga blir så tung

er det fordi du har kledd deg så vakkert
er det fordi du har kledd deg i grått

eller er det berre, igjen og igjen, dette
at alt er eit syn som alltid forsvinn
som du skal forsvinne
og eg skal forsvinne, men nett no står du der, så vakkert
kledd i grått

så vakkert kledd i grått
du står så vakkert kledd i grått
og seier slik du står at du ikkje veit
om du er vakker
eller dum

du står så vakkert kledd i grått
så vakkert kledd i grått
(Hund og engel, 1992)

1 comment:

Mona said...

Et ouiii:) Puss!