Wednesday, April 18, 2007

Torvund skriver til Breton ( og det er fint, må vite)

BRETON
Breton, denne kvelden har farge som gyngehestane frå fengselet
Breton, eg slår opp vin til deg med ein maskin av små regnbogar
Breton, børa av ettermiddagar i byen tynger oss som fulle eselkjerrer
Breton, dei som dansar på bordet er ei ordmaur og ein orgelterrier

Breton, du oppretta skular med plass til ein einskild elev av myrull
Breton, du dukka opp utkledd som maurslukar hjå dansarinnene
Breton, dine dikt kasta lasso kring kontrabassane som vart til bestevenner
Breton, basunen på bordet strekker seg gyllen etter middagskvilen

Breton, du opna den heilage grinda slik at alle biene fekk honning og salmebøker
Breton du gøydde på presten sin bil medan ein rev las preika for klesvasken
Breton du har levert inn den kvithåra pistolen medan det var amnesti for poesi
Breton, eg ventar på deg ved kiosken med ei kappe av armert sement i neonlyset

Breton, det har vorte sett opp plakatar overalt med bilete av brillene dine
Breton, regnet som kjem bortover fortauet har gløymt kvar det bur
Breton, lyden av paringssjuke padder hyllar deg på radioen i to timar
Breton, ein gatefeiar soper opp alle desse bokstavane i ei flaske av blått glas

( Helge Torvund, Alt er høy, 2007)

5 comments:

alex said...
This comment has been removed by a blog administrator.
c said...

Oi, det er jo faktisk veldig fint!

Silje said...

Kjempefint!

alex said...
This comment has been removed by a blog administrator.
alex said...

.. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. ...