Saturday, July 23, 2011

Natt i Latvia

Taxisjåføren spelar latviske popsongar medan vi køyrer langs autostradaen inn mot byen. Og så, den gamle sviska "Wish you where here". Men akkurat då er det ingen eg saknar, og det er heilt rett å reise åleine. Eg likar å komme til byar, og køyre gjennom industrielle ingenmannsland, angripe byen from the wrong side. Eg liker det ikkje fullt så godt når klokka har slege midnatt, og reiser i min raudaste sommerkjole fordi eg ikkje veit betre enn å ønske meg solskin, og vér som ikkje er som i Bergen. Men alt kjennes trygt når eg sit i førarsetet med ein tjukk latvisk sjåfør som krev knappe 3 lats for turen, det vil seie 33 kroner, medan den latviske radiostasjonen spelar frosne popsongar. Eg høyrer den stille summinga frå dei andre passasjerane, indoeuropeiske lydar, men mest av alt ser eg innover mot midnattsmørket som omgjev oss og kjenner på ein fridom eg ikkje visste fantes her og no.

No comments: