Sunday, June 26, 2005

verdensgitarist, samt ingrid espelid et JORDBÆRSUPPE

Eg har sett Ingrid Espelid Hovig ete jordbærsuppe på Bølgen & Moi idag. Ho var like skjønn og ungdommeleg som da eg intervjua ho telefonisk ifjor, lett kvitrande frå Oslo. Ho klaga heller ikkje på maten.

Eg skriv om klassisk gitar. Det er kjekt, og eg googlar i veg for å drive research. Eg skal intervjue David Russell som vann Grammy i år for beste soloutgivelse. Det er Bergen Internasjonale Gitarfestival for tida.

I går drakk eg raud og rosé på Altona i lag med Natasha, Madeleine, Heine, Øystein, og etter kvart alle vinspesialistane i denne labyrinten av stein og mjuke sitjeplassar. Eit høgdepunkt var å drikkje dyr Amarone-rest etter at porten var stengd.

No må eg tilbake til koffein og gitaroppdatering.

No comments: